Marit Hovde og mannen Anders var på veg heim frå blåbærplukking på Jenstad, øvst i Sunndal, onsdag då dei fekk auge på det store dyret.
– Eg såg ein brun flekk mellom trea og skjønte kva det var, seier Hovde.
Moskusen høyrer til i Dovrefjell og Sunndalsfjella, men dersom den vandrar nær busetnad eller i område der folk ferdast, kan den vere farleg.
Med fem-seks liter blåbær i spannet vurderte ekteparet aldri å legge på sprang, sjølv om oksen berre stod 45–50 meter frå dei.
– Vi blei samde om at vi berre skulle fortsette å gå i roleg tempo, og det gjorde vi. Eg har sett moskus før og var ikkje redd, seier Hovde.
Marit og Anders Hovde er glade i friluftsliv. Og dei er slett ikkje redde moskusar.
Foto: PrivatDet er slett ikkje uvanleg at moskus forvillar seg nær busetnad i Sunndal, men oksen ekteparet trefte på er den tredje som har kome på kort tid.
26. juli vart ein moskus felt i området, 3. august skjedde det same.
Også oksen som ektepar trefte måtte bøte med livet.
Dei fekk varsla riktige instansar og kort tid etter gav Statsforvaltaren fellingstillating.
Det var Aura avisa som først fortalde om fellinga.
Den tredje moskusoksen som er felt på nokre veker i Sunndal.
Foto: Tord Bretten / Statens NaturoppsynTord Bretten i Statens naturoppsyn, seier at det snart er brunst, men at ikkje alle oksar får det dei vil.
– Dei som er små får seg ikkje dame og då byrjar dei å leite, seier Bretten.
Moskusstammen består av 250 dyr, og det må avlivast dyr kvart år for å halde bestanden nede. Dei hanndyra som blir tatt ut er dei som vandrar, slik som oksane i Sunndal.
På det verste har dei tatt ut sju oksar på vandring om hausten.
Tord Bretten seier det er vanleg at oksar som ikkje får seg dame legg ut på vandring om hausten.
Foto: Unni Eikeseth,NRKMange oppsøker moskus på Dovrefjellet, men då er ein klar over farane. Det er verre å gå seg på dyret der ein ikkje forventar det.
– Oksane kan vere livsfarlege dersom dei ikkje får fred, seier Bretten.
– Kva skal du gjere dersom du treff ein moskus utanfor området den normalt høyrer heime?
– Då skal du trekke deg roleg tilbake. Ser du at den er ordentleg sur, kan du trekke deg fort tilbake. Gi den plass og ikkje oppsøk den, seier Bretten.
Marit og Anders Hovde har slett ikkje mist lysta på bærtur etter opplevinga.
Det største problemet no er at det er lite bær å finne, seier dei.
Publisert 13.08.2026, kl. 20.38
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Ålesund: Tiltalt etter påkøyrsel der barn blei skadd | 0 | 10 | 14-08-2026 |
| 2 | LÄSARTEXT: Brända Taket kom med solen till Ödbergska | 0 | 6.78 | 18-07-2026 |
| 3 | ”Lidas” bröllopslycka: Sonen har gift sig | 0 | 5 | 07-07-2026 |
| 4 | Sunnmørsfamilie reiste til VM: – Ein må ha magemål | 0 | 5 | 10-07-2026 |
| 5 | Seks elger svømte rundt gjerdet – stengte rullebanen for tredje gang i år | 0 | 9.18 | 06-08-2026 |
| 6 | LÄSARTEXT: En pärla i Oviksfjällen | 0 | 7.16 | 08-08-2023 |
| 7 | Lista: Här är de hetaste löparna på O-Ringens fjärde etapp | 0 | 16.67 | 25-07-2026 |
| 8 | Lista: Se resultaten från Lidingöloppet i Funäsfjällen | 0 | 8.26 | 11-07-2026 |
| 9 | BILDEXTRA: Käpphästar och hoppborg lockade | 0 | 10 | 09-07-2025 |
| 10 | BILDEXTRA: Sol, familjefest och löparglädje | 0 | 10 | 21-07-2026 |