Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Tok feilaktig betalt for tryggleiksalarmar – no krev eldrerådet pengane tilbake

Дата публикации: 13-08-2026 16:04:37



Основное содержимое страницы с новостью.

Fleire kommunar rundt om i landet krev betalt frå brukarar av tryggleiksalarmar. Dette er ein knapp rundt halsen eller handleddet, som eldre kan trykke på dersom dei treng akutt hjelp.

Men mange kommunar tolkar reglane feil.

No har Kristiansund stoppa eigenbetalinga av alarmane med direkte verknad.

Det melder kommunen i ein pressemelding torsdag.

– Når tryggleiksalarmen er nødvendig for at du skal få nødvendig tilsyn eller helse- og omsorgstenester, skal du ikkje betale for den. Dei aller fleste som har tryggleiksalarm frå Kristiansund kommune, har den på grunn av slike behov. Difor stoppar vi no eigenbetalinga, opplyser kommunen torsdag.

Anne Cathrine Grav Olsen i kommunen seier at lovverket rundt tryggleiksalarmane har vore utfordrande å vurdere og har vore diskutert i kommunen i mange år.

Kristiansund kommune har tatt betalt for tryggleiksalarmar i fleire år.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Siger for alle eldre

Bengt Gustav Eriksson, som er fylkesleiar i Eldrerådet i Møre og Romsdal, er glad for at fleire kommunar no kan endre praksisen.

– Eg reknar det som ein siger for alle brukarane, altså alle eldre i heile fylket, seier Eriksson.

Han meiner det er viktig at alle som har behov skal kunne bruke tryggleiksalarm, uavhengig av økonomi og sosial status. Han meiner også at dei som feilaktig har blitt fakturert for tenesta, må få tilbake pengane.

– Frå eit gitt tidspunkt må ein få tilbake det som har blitt betalt, meiner Eriksson.

Bengt Gustav Eriksson, som er fylkesleiar i Eldrerådet i Møre og Romsdal, meiner at folk må få tilbakebetalt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Alvorleg dersom folk har takka nei

Statsforvalteren opna i sommar tilsyn med Ålesund kommune etter at dei innførte eigenbetaling av tryggleiksalarmar.

Etter dette og fleire mediesaker sende Statsforvaltaren brev til alle kommunar i Møre og Romsdal der dei presiserte reglane.

– Vi ser alvorleg på det visst folk har måtte takke nei til naudsynt tilsyn i heimen sin fordi dei ikkje har hatt råd til å betale for tryggleiksalarm, seier Grete Teigland. Ho er områdedirektør hos Statsforvaltaren.

Så langt veit ho at Ålesund og Kristiansund har stoppa eigenbetalinga for dei som har rett til å få det gratis.

Teigland har sett i media at fleire kommunar seier at dei vil sjå på praksisen sin etter ferien.

Statsforvaltaren har ikkje oversikt over kor mange kommunar som brukar regelverket feil.

Grete Teigland er områdedirektør hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Foto: Statsforvalteren i Møre og Romsdal
Alarmen verkar som vanleg

I Kristiansund presiserer Anne Cathrine Grav Olsen at dei som i dag har tryggleiksalarm ikkje treng å gjere noko.

Tryggleiksalarmen held fram med å virke som før, det er berre faktureringa frå kommunen som stoppar opp. Kommunen går no gjennom tidlegare innbetalingar frå innbyggjarane.

– Kva reglar som gjeld for tilbakebetaling har vi ikkje fått avklart endå. Det er advokatar som tar seg av dette slik at alt blir riktig, seier ho.

Publisert 13.08.2026, kl. 18.04

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Franske turister fikk erstatning etter skrekkulykke – men må møte i retten på nytt07.7609-08-2026
2Bergen kommune dømt for ulovlig gjengjeldelse mot varsler01008-07-2026
3Efter svindleriet – miljoner ska betalas tillbaka0504-07-2026
4To Molde-spillere ute i lang tid – henter spiller tilbake021.1113-08-2026
5Brevik-saken: Avhør ga ingen svar0009-07-2026
6Ålesund: Tiltalt etter påkøyrsel der barn blei skadd01014-08-2026
7Städkaos och skulder efter hyresgäst – så blev domen0506-05-2026
8VIK:s jättekontrakt brutet – men inget pengaregn0502-07-2026
9Mitt i krisen: Har betalat av skatteskulden0513-05-2026
10Åtalas: Tidaholmaren tvättade pengar från bedrägerier0511-07-2026

Классификация: Происшествия. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 10. Источник: www.nrk.no.