To tyske menn møter i retten etter at bygdefolk i Laukvik spora dei opp etter fem brannar i Lofoten i fjor sommar.
I løpet av berre ni dagar vart den vesle bygda Laukvik i Vågan heilt aust i Lofoten i fjor sommar skaka av fleire mystiske brannar.
Saka førte til stor oppsikt då 20–30 lokalkjende mobiliserte på Facebook, spora opp og omringa to tyske menn i skogen før politiet kom til staden.
Då rettssaka mot dei i dag starta i Salten og Lofoten tingrett, erkjente dei begge å ha stått bak brannane.
Begge dei to er tiltalt for grovt skadeverk og for brot på brannvernlova. Den eine av dei er i tillegg tiltalt for den såkalla «mordbrannparagrafen».
Straffelova paragraf 355 har ei minstestraff på to år i fengsel og opp til 15 år, men han erkjente ikkje straffskuld for dette då rettssaka starta i Svolvær i dag.
Brannen ved Saga Fisk i Laukvik i Lofoten var den første av fem brannar på berre ni dagar.
Foto: Nordland PolitidistriktDet mest alvorlege punktet i tiltalen er knytt til ein brann som kan ha sett menneskeliv i fare 11. juli i fjor. Ifølgje tiltalen tente han på ein eller fleire tennposar i eit vedskjul ved ein bustad.
«To personar oppheldt seg i bustaden, og ein eller båe personar ville lett kunne ha omkome dersom brannen ikkje vart oppdaga i tide», står det i tiltalen.
Mannen sin forsvarar, Patrick Lundevall-Unger, sa til NRK før rettssaka at klienten hans ikkje erkjenner straffskyld for dei mest alvorlege tiltalepunkta.
– Han erkjenner berre delvis skyld, ikkje dei grovaste forholda i tiltalen, seier Lundevall-Unger.
Patrick Lundevall-Unger er forsvarar til den tyske mannen som er tiltalt for den mest alvorlege brannen.
Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRKNatt til laurdag 5. juli stod fleire titals plastkar med tørka fiskehovud i full fyr ved Saga Fisk. Brannen skal ha øydelagt tørrfisk for ein million kroner.
Tre dagar seinare brann det i bårekapellet på kyrkjegarden. Ifølgje aktor er erstatningskravet etter brannen ved bårekapellet på om lag 600 000 kroner.
Dei to er også tiltalte for å ha gjort opp eld utandørs, utan å sløkkje. Desse punkta i tiltalen har begge erkjent straffskuld for.
Under rettssaka i dag kom det også fram at politiet fann skjulte mapper på telefon til begge dei sikta. Her fann dei bilde frå fleire av brannane, mellom anna av brannen ved Saga Fisk og bårekapellet.
Under forklaring si innrømte mannen som er tiltalt for den mest alvorlege brannen at han tente på vedskjulet, som stod inntil ein bustad der det budde folk.
Men undervegs angra han seg, og prøvde å sløkkje brannen.
Forsvararen til mannen meiner dette viser at han aktivt prøvde å stanse brannen, og at det bør gi redusert straff.
Men etter at han forlèt staden, blussa brannen opp igjen. Påtalemakta meiner derimot at om brannen hadde fått utvikla seg, kunne det ha ført til tap av menneskeliv og grovt skadeverk på huset.
Dei to tiltalte tyske mennene hadde med seg tolk då dei kom til Salten og Lofoten tingrett i dag.
Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRKDei to mennene i tjueåra var i Lofoten på fiskeferie saman med besteforeldra. I retten forklarte den eine av dei at dei alt same dagen som dei kom, gjekk til eit skogholt, samla kvistar og tende på.
Dagen etter tende dei på kapellet i Laukvik på fleire stader, ved å bruke tennposar og gassflasker.
– Kvar kveld gjekk vi turar, sa han i retten.
Mannen forklarte at han ikkje veit kvifor han gjorde som han gjorde, men at han etter pågripinga har fått stadfesta at han har ADHD.
Det er uklart om begge var til stades då det brann ved bustadhuset. Kun den eine av dei to er tiltalt for dette punktet. Han fortalde i retten at dei begge var der, og at dei sjekka at det ikkje var nokon til stades før dei satte fyr på tennposar i vedskjulet inntil huset.
Medtiltalte drog frå staden, men då den hovudtiltalte høyrde stemmer innanfrå huset, fekk han panikk. Han forklarte at han tok av seg jakka og slo på elden til han var sikker på at han hadde sløkt.
– Det var aldri min hensikt å setje nokon liv i fare, sa mannen i retten.
Vart etterforska for brannar på FrøyaBilde på sosiale medium viser at dei to tiltalte mennene frå Tyskland var på Frøya sommaren 2024, då det brann fleire stader.
Foto: skjermdump / sosiale medierDei to tiltalte vart også etterforska for ein serie brannar på Frøya i Trøndelag sommaren 2024, der det brann på sju ulike stader på elleve dagar.
Då det dukka opp bilde i sosiale medium som viste at dei to var på Frøya same sommar, vart saka oppatteken av politiet i Trøndelag.
Under rettssaka i dag kom det fram at ein av dei tiltalte i politiavhøyr skal ha forklart at tennposane dei brukte i Lofoten, vart kjøpt nettopp på Frøya.
I retten sleit den tiltalte med å svare på kvifor han gjekk rundt med tennposar i jakkelomma under kveldsturane i Lofoten.
Saka frå Frøya er likevel lagd bort av politiet.
– Etter ei heilskapleg vurdering av bevisa opp mot beviskravet om at straffeskyld må vere bevist ut over all rimeleg tvil, vart Frøya-sakene på nytt bortlagd på bevisets stilling i november i fjor, seier politiadvokat Elisabeth Strand Bachmann i Trøndelag politidistrikt.
Dei to tiltalte skal fortsetje å forklare seg i tingretten i Svolvær utover veka. Det er sett av fem dagar til rettssaka.
Publisert 10.08.2026, kl. 10.52 Oppdatert 10.08.2026, kl. 15.46
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Politiet fekk tips om brannstiftarane før folket greip inn: – Det osa ein irritasjon | 0 | 6.4 | 11-08-2026 |
| 2 | Krever fengsel for tyske turister etter branner i Lofoten | 0 | 8.52 | 12-08-2026 |
| 3 | Politiet høyrde fyrst lyden – så viste laseren 161 km/t | 0 | 12.98 | 08-08-2026 |
| 4 | Franske turister fikk erstatning etter skrekkulykke – men må møte i retten på nytt | 0 | 7.76 | 09-08-2026 |
| 5 | Ålesund: Tiltalt etter påkøyrsel der barn blei skadd | 0 | 10 | 14-08-2026 |
| 6 | Elsparkesykkel tok fyr i garasje i Ålesund | 0 | 7.39 | 14-08-2026 |
| 7 | Ulykke i Geiranger | 0 | 7.2 | 14-08-2026 |
| 8 | Stoppet fører mistenkt for ruskjøring | 0 | 9.57 | 15-08-2026 |
| 9 | Bilbrand spred sig – polisen misstänker brott | 0 | 6.6 | 19-07-2026 |
| 10 | To personar sakna etter båtulykke i Sverige | 0 | 4.98 | 29-07-2026 |