Etter ei veke med ei rekke problem i togtrafikken, kallar samferdselsministeren inn til hastemøte.
Departementet viser til dei mange forseinkingane den siste veka, og innkallar til hastemøte med samferdselsminister, Jon-Ivar Nygård, onsdag formiddag.
Dette har vorte eit kjent syn for togpendlarar på Austlandet.
Foto: NRK– Det er nok ikkje uvanleg at man får nokre oppstartsproblem etter vedlikehaldsarbeid. Men her ser vi at dette har vore vedvarande og at det har gått utover de reisande, særleg i Oslo -området, seier Nygård til NRK.
– Det meiner vi er uakseptabelt. Difor må vi komme til botns i kvifor det skjer.
Han forklarar at det viktigaste for møtet er at Bane Nor redegjer for hendingane.
Det hopar seg fort opp på perrongen når det er kansellerte tog.
Foto: NRK– Og at dei går gjennom kva de har tenkt å gjere for å sørge for at vi får forbetring og færre av denne type hendingar i framtida, forklarar ministeren.
Ikkje godt nokNygård seier at han forstår frustrasjonen til passasjerane.
– Eg lir med dei. Sommarstenging er ei ulempe, og betyr mykje buss for tog. Vi brukar betydeleg med pengar for å få jernbanen til å fungere betre. Likevel er nokre av dei fyrste opplevingane passasjerane får, at det ikkje har blitt gode resultat, seier han.
Statsråden ønskjer ei utgreiing frå Bane Nor.
Foto: Jane Rasmussen / NRK– Det er ikkje godt nok. Sånn kan vi ikkje ha det.
Kommunikasjonsdirektør i Bane Nor, Atle Lessum, skriv i ein e-post til NRK at dei forstår at ministeren ønskjer ein utgreiing av situasjonen førre veke og at dei ser fram til å orientere om det.
Bane Nor er glade for moglegheita til å orientere ministeren ifølge kommunikasjonsdirektør, Atle Lessum.
Foto: Aksel Jermstad / Bane Nor– Sommararbeidet i Romeriksporten var godt planlagd, og situasjonen vi opplevde utover veka var i liten grad skulda arbeidet som vart gjort der. Dette skal vi gjere rede for i møtet.
Store problem i Oslo-områdetSeinast i går var det store problem i togtrafikken i Oslo med full stans mellom Lysaker og Skøyen.
Reisande får gå av toget på Skøyen stasjon etter å ha satt fast rett før Lysaker stasjon i fleire timar måndag morgon.
Foto: Øystein Sanne / NRKEtter trøbbel med ei køyreleidning ved Skøyen måndag morgon, vart to tog ståande mellom stasjonar i timevis, før dei måtte bli dratt til stasjonen av eit anna lokomotiv.
Førre veke var det signalfeil i Romeriksporten, som nettopp hadde opna etter å ha vore stengd for vedlikehald sidan 27. juni.
Publisert 18.08.2026, kl. 07.19 Oppdatert 18.08.2026, kl. 16.58
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Кабмин поддержал проект о снижении штрафов за нарушение сроков доставки ж/д транспортом | 0 | 0 | 01-03-2019 |
| 2 | Канцлер Австрии призвал провести расследование гибели демонстрантов в Белоруссии | 0 | 0 | 13-08-2020 |
| 3 | Антикоррупционный суд постановил открыть дело против экс-министра инфраструктуры Украины | 0 | 0 | 10-04-2020 |
| 4 | Мишустин потребовал максимально сократить время для ответа на звонки в скорую помощь | 0 | 0 | 16-11-2020 |
| 5 | В Минтрансе сообщили, что "черные списки" пассажиров поездов не предусмотрены законом | 0 | 0 | 06-08-2020 |
| 6 | Nå settes støtet inn mot elsparkesyklene: Bryter Julie reglene, blir den solgt | 0 | 9.3 | 16-08-2026 |
| 7 | СК возбудил уголовное дело после ЧП с плавдоком в Мурманске | 0 | 0 | 30-10-2018 |
| 8 | В Раде призвали арестовать экс-министра обороны Украины за попытку госпереворота | -5 | 7 | 16-07-2026 |
| 9 | Премьер Литвы резко осадил своего министра из-за России | 0 | 22.5 | 07-08-2026 |
| 10 | В правительстве призвали эффективнее использовать топливо | 0 | 5 | 29-06-2026 |