Nesten ein kilometer med snø og is rasa nyleg ut i bredalen i Jotunheimen. Kan skje oftare framover, seier forskar.
9. september gjekk eit massivt isskred i Gjertvassbreen i Jotunheimen.
Ei gigantisk suppeblanding med snø og is rasa ut i dalen.
– I Noreg har eg aldri sett noko i nærleiken av det her, seier Christian Nesset.
Han er ein erfaren fjellførar for Jotunheimen Arrangement og har gått mange turar både her heime og i utlandet.
Morgonen etter skredet, startar Nesset å ta seg opp til breen. Der har han gått mange gongar før.
Han har ein idé om kva han går til, for han har sett at sprekkane i isen har blitt større i det siste.
Over 1800 meter med oppoverbakke seinare blir han møtt av eit dalføre fylt med gigantiske isflak. Nokre av flatene der breen losna var opp mot 400 meter.
– Eg måtte plutseleg dra fram risikovurderingane eg gjer når eg går i Himalaya.
Hengebreen han hadde sett berre nokre dagar tidlegare, låg no spreidd utover dalen.
Skredet var nesten 400 meter breitt og gjekk nesten ein kilometer nedover fjellsida.
Foto: Christian NessetLiss Marie Andreassen er breforskar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Ho omtalar skredet som eit svært stort isskred, men presiserer at dei ikkje har full oversikt over om det har vore like store skred tidlegare.
Registeret til NVE inneheld hovudsakleg isskred med personskadar. I dette tilfellet var det heldigvis ingen som blei skadde.
– Det er sjeldan at brear rasar ut på denne måten i Noreg, seier Jostein Bakke, professor i geovitskap ved Universitetet i Bergen.
Det som har skjedd her, forklarar han, er truleg at den nedre delen av breen ikkje lenger har klart å støtte den øvre.
– Og så har det til slutt rasa ut.
Årsaka til dette er at isen er blitt tynnare, samstundes som sprekkane har blitt større år for år.
Menneske blir små i det store skredområdet.
Foto: Christian NessetSkredforskaren forklarar at sjølv om slike skred er sjeldne i Noreg, kan vi sjå fleire framover.
For i likskap med polområda våre, treff klimaendringane hardare i høgfjellet.
Jotunheimen har mange av dei høgaste fjella her til lands.
– Den går opp i over 2000 meters høgde. Der er det permafrost, og det gjer at isbreane er fastfrosne til underlaget.
Jostein Bakke forskar på isbrear ved Universitetet i Bergen.
Foto: Oddgeir ØysteseProblemet oppstår når permafrosten begynner å smelte.
– Når permafrosten tiner, så blir fjellet meir ustabilt, seier Bakke.
– Vi har nettopp blitt påminna kor dramatisk dette kan vere, då vi såg dei forferdelege bilda frå Nepal, legg han til.
Bakke er likevel klar på at skredet i Gjertvassbreen og kva som skjedde i Nepal ikkje er nøyaktig likt:
– I Nepal var det litt meir samansett. Då var det fjellet under breen som rasa ut, så det var ei blanding av stein og is. På Gjertvassbreen var det berre isen som rasa, men mekanismane er mykje av det same.
Skredområdet sett ovanfrå.
Foto: Christian NessetBreane minkar år for år.
Ein rapport frå 2022 viser at på 16 år var eit areal med isbrear på storleik med Mjøsa blitt borte.
Det er ikkje berre forskarar som legg merke til at alpinterrenget forandrar seg.
– For meg som går rundt dei same steinane og på dei same breane mange gongar kvart år, så ser du jo ei enorm endring, seier fjellførar Nesset.
Her er lengde og breidde på det store skredet.
Foto: Christian NessetPublisert 22.09.2026, kl. 10.45 Oppdatert 23.09.2026, kl. 14.57
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Lanserer nye fjerntog: – Største fornyelsen på mange tiår | 0 | 8.04 | 23-09-2026 |
| 2 | 🧊🌍 Ледниковый гигант, который словно растекается по земле 📸 Перед ... | 0 | 7.77 | 22-07-2026 |
| 3 | Klager på Oslofjord-utslipp | -5 | 7 | 07-07-2026 |
| 4 | Noen av verdens råeste kommer til Norge | 0 | 10 | 12-08-2026 |
| 5 | Исландские высокогорья: вулканические пустоши, горячие источники и абсолютное безлюдье | 0 | 7.9 | 01-01-1970 |
| 6 | Synkehull i Oslo: Mistenker vannlekkasje | 0 | 6.2 | 12-08-2026 |
| 7 | Снежные пики Гималаев, вид с борта МКС. ⠀ С высоты ... | 5 | 7 | 29-06-2026 |
| 8 | Diep in de vulkaan | 0 | 9.66 | 27-05-2026 |
| 9 | Mass of ice that fell one kilometer believed to be cause of Nepal flood — NYT | 0 | 7.13 | 26-08-2026 |