Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Ingen pengar til nye politihelikopter: – Dramatisk

Дата публикации: 07-10-2026 11:17:04

Regjeringa vil ikkje prioritera nye politihelikopter i neste års statsbudsjett, trass vedtak i Stortinget. Opposisjonen kallar valet dramatisk og skuffande.

Основное содержимое страницы с новостью.

I dag finst det tre politihelikopter i Noreg, men alle er stasjonert på Austlandet.

Politidirektoratet har sagt at det er eit stort behov for tre andre helikopter, stasjonert i Bergen, Tromsø og Trøndelag.

Stortinget vedtok i mai at regjeringa skulle følga opp Politidirektoratet sin rapport om behovet for politihelikopter, med ein siste frist i neste års statsbudsjett.

Men i budsjettet som vart lagt fram i dag, er det ikkje lagt inn ei krone for å kjøpa nye helikopter.

– Dette er ein dramatisk og overraskande avgjerd. Politihelikopter er et helt nødvendig og svært effektivt verktøy som bidrar til langt betre beredskap, men Vestlandet og Nord-Norge har ingen helikopterkapasitet, seier leiaren av Justiskomiteen på Stortinget Jon Helgheim (Frp).

Leiaren av Justiskomiteen på Stortinget Jon Helgheim (Frp) er skuffa.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK
– Stort slag i ansiktet

Då Noreg kjøpte dei tre helikoptera dei har no i 2017, sikra dei seg ein avtale om at dei kunne kjøpa tre til, til den same prisen seinare, ein såkalla opsjon.

Helgheim reagerer sterkt på at regjeringa ikkje vil utløyse opsjonen på tre nye politihelikopter.

– Den gunstige opsjonsavtalen som Frp framforhandla går ut i 2027, og at regjeringa ikkje ynskjer å nytta seg av denne er eit stor slag i ansiktet for politiet sin beredskap, seier Helgheim.

Aas-Hansen: – Ap-regjeringa prioriterer politiet

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) på ein helikoptertur ved eit anna høve.

Foto: Maria Philippa Rossi / NRK

Justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen seier til NRK at Ap-regjeringa prioriterer politiet.

– Norsk justissektor står framfor fleire store prosjekt dei neste åra som vil legge beslag på både pengar og tilsette. Ei eventuell avgjerd om å auke politiet sine luftkapasitetar må sjåast opp mot andre behov i politiet, og justissektoren generelt, seier Aas-Hansen.

– Sjølv om vi ikkje foreslår pengar til å utløyse opsjon, vil vi sørge for at arbeidet med å greie ut politiet sine luftkapasitetar held fram, seier justisministeren.

Sp: – Regjeringa kan ikkje sjå bort frå stortingsvedtak

Også justispolitisk talsperson i Senterpartiet, Bent-Joacim Bentzen, er skuffa.

– Stortinget har fatta vedtak i denne saka som regjeringa ikkje kan sjå bort frå. Stortinget er over regjeringa, og dei må følga opp vedtak Stortinget gjer, seier Bentzen.

I statsbudsjettet skriv regjeringa at vedtaket er følgt opp, då arbeidet med å sjå på luftkapasitetane i politiet held fram. Vidare skriv dei at «av omsyn til mange saker i justissektoren foreslår regjeringa ikkje å løyve midlar til å utløyse opsjon på nye politihelikopter».

Bentzen seier at ein må anta at kostnaden for å skaffa fleire helikopter vil bli høgare, når ein ikkje brukar den opsjonen som er tilgjengeleg.

Prisauke på 200 millionar kroner

Prislappen vart i 2017 anslått å vere på mellom 80 og 100 millionar kroner per helikopter.

Ifølge NRKs opplysningar, vil eit helikopterkjøp utan opsjon bety ei prisauke på rundt 200 millionar kroner.

Årsaka er den generelle prisstigninga, men også økt etterspurnad og manglande tilgang på produksjonsmateriale som følge av krigen i Ukraina.

Publisert 07.10.2026, kl. 13.17 Oppdatert 07.10.2026, kl. 15.17

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Her drysses det forsvarspenger i statsbudsjettet013.7807-10-2026
2Dette er statsbudsjettet for Svalbard014.6507-10-2026
3Sametinget krever 767 millioner kroner ekstra før statsbudsjettet012.4906-10-2026
4Sykkelritt slår alarm etter ny vraking – dette betyr statsbudsjettet for idretten08.5207-10-2026
5Dette forventer Troms-toppene av statsbudsjettet018.5306-10-2026
6Ap-ordførere i Nord-Troms misfornøyde med egen regjering: – Kampen er ikke over018.0407-10-2026
7Stoltenberg før budsjettet: – Fortsatt for mange som sliter09.1506-10-2026
8Regjeringens nye forslag rammer unge01005-10-2026
9Rødt-leder i Tromsø raser mot statsbudsjettet: – En skam011.4307-10-2026
10Nektes å ha våpen hjemme: – Rart de er strengere enn politiet06.8226-09-2026

Классификация: Международные. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 7.16. Источник: www.nrk.no.