På laurdag er det klart for oppgjer mellom Aalesund og Molde. Statistikken viser at Aalesund må tole å bli kalla veslebror.
Det er litt ekstra spenning når rivalane Aalesund og Molde møtes på grasmatta laurdag ettermiddag på Color Line Stadion i Ålesund. Til alle tider har det vore eit ekstra nederlag å tape for nabobyen - eller bygda.
Sidan Aalesund debuterte i eliteserien i 2003 har dei to laga møtt kvarandre 34 gongar. Molde har vunne 23 av dei. Aalesund har vunne fem av kampane.
AaFK-trenar Kjetil Rekdal meiner likevel det er heilt ope kven som vinn, men at det står litt ekstra på spel denne helga.
– Det er eit lokaloppgjer med litt ekstra nervar rundt det, og prestisje, sjølvsagt, seier han.
AaFK-trenar Kjetil Rekdal seier det er litt ekstra nervar rundt lokaloppgjeret mot Molde, men også prestisje.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKKampen laurdag må dei spele i skuggen av VM-kampen som går seinare same kveld.
Eirik Hestad i Molde seier det er inspirerande:
– Det er utruleg kjekt å sjå at folk ein har budd med og trent med får det til på den aller største scena mot dei beste spelarane i verda.
– Og så er det jo sjølvsagt òg veldig kult at Noreg som nasjon kan hamle opp med dei beste i verda, legg han til.
Eirik Hestad let seg inspirere av landslaget sin VM-prestasjon.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKFleire av spelarane har møtt kvarandre i lokaloppgjer før, men ikkje alle. AaFK-keeperen får nemleg sin debut på A-laget mot Molde.
Etter at AaFK sin tidlegare keeper Kristoffer Klaesson la opp i slutten av juni, har Tor Erik Larsen blitt laget sin førstekeeper. Han seier han er klar for debuten i Eliteserien.
– Det er jo dette ein jobbar for, så ein treng ikkje vere overnervøs eller overgira.
Larsen seier han gler seg til å spele mot Molde.
– Det er jo å spele kampar som betyr noko. Det er det viktigaste i verda.
Tor Erik Larsen gler seg til å spele mot Molde i helga.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKMoldetrenar Sindre Tjelmeland seier det blir «perfekt» å kome i gang med Eliteseriekampar.
– Vi gler oss verkeleg. Bortekamp mot eit godt Aalesund-lag blir bra for oss, seier Tjelmeland.
Molde-trenar Sindre Tjelmeland ser fram til at Eliteserien startar opp igjen.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKMolde-kaptein Emil Breivik seier treningane under Tjelmeland har vore intense.
– Vi er ikkje der vi vil vere akkurat no, men det er ikkje langt unna, held kapteinen fram.
Molde-kaptein Emil Breivik fortel at Molde er godt på veg til der dei vil vere.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKAaFK-trenar Kjetil Rekdal seier det er på tide å pirke borti statistikken som viser at Molde går sigrande ut i dei fleste kampane mot AaFK.
– Men då må vi vere gode sjølv. Vi vinn ikkje kampar på flaks mange gonger i løpet av ein sesong, så prestasjonen vår blir avgjerande, seier Rekdal.
Før oppgjeret ligg Molde på 5. plass på tabellen med 19 poeng. Aalesund har 11 poeng, og ligg dermed på 13. plass.
Alle veit at fotballen kan overraske. Sjølv om Molde har best statistikk i lokaloppgjera dei siste 23 åra blir det spennande å sjå kven som kjem sigrande ut.
Aafk-trenaren har elles fått med seg at landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland no står utan klubb. Han trur likevel ikkje det er realistisk å få keeperhelten heim til Sunnmøre.
Ørjan Håskjold Nyland hadde ein draumekamp mot Brasil i åttedelsfinalen i VM.
Foto: AFP– Eg trur han har tenkt å spele på toppnivå, sannsynlegvis i utlandet, ei stund til. At han skal kome heim og spele for Aalesund på slutten av karrieren har eg ikkje tru på, seier Rekdal.
Publisert 10.07.2026, kl. 09.09
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Uavgjort mellom AaFK og Molde i første Eliteseriekamp etter sommarferien | 0 | 5 | 11-07-2026 |
| 2 | Se bildene fra VM-festen i Molde og Ålesund | 0 | 2 | 12-07-2026 |
| 3 | VM-roing i bytrappane i Ålesund: – Vi skal flytte fjellet | 0 | 5 | 11-07-2026 |
| 4 | Trur jordbærsesongen kan bli lengre enn vanleg | 2 | 6 | 08-07-2026 |
| 5 | Bensinprisar under 15 kroner fleire stader | 0 | 5 | 29-06-2026 |
| 6 | Kontrastene er påfallende | 0 | 5 | 11-06-2026 |
| 7 | «Tror du att du och jag har en chans mot alla andra?» | 5 | 7 | 01-06-2026 |
| 8 | Nytt bakslag – befarar det värsta: ”Inga ljusa veckor framåt” | -5 | 3 | 21-02-2026 |
| 9 | Anmeldt for kjøring i påvirket tilstand | 0 | 5 | 11-07-2026 |
| 10 | Sommarskule med Forskerfabrikken | 0 | 5 | 09-07-2026 |