TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2025 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Kanalen får full kompensasjon frå staten for sitt allmennkringkastaroppdrag dette året.
Nyhetssaker
TV 2 oppfylte krava som kommersiell allmennkringkastar i fjor.
TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2025 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Kanalen får full kompensasjon frå staten for sitt allmennkringkastaroppdrag dette året.
Avtalen om kommersiell allmennkringkasting omfattar blant anna krav om at TV 2 skal ha eigenproduserte daglege, riksdekkande nyheitsprogram med base i ein sentral nyheitsredaksjon utanfor Oslo, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisning av norsk film og tv-drama.
Medietilsynet konkluderer med at TV 2 leverte godt på allmennkringkastaroppdraget i 2025, som året før.
– Gjennom å oppfylle samfunnsoppdraget som følger av avtalen med staten, bidrar TV 2 til å nå dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting og styrke det norske mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
TV 2 har hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen, og sikrar i tråd med avtalen eit sterkt nærvær og eigen nyheitsredaksjon utanfor hovudstaden.
Tilsynet viser at TV 2 hadde redaksjonelt nærvær i seks ulike fylker i Noreg i 2025, i tillegg til hovudredaksjonen i Vestland og redaksjonen i Oslo. Kravet om redaksjonelt nærvær i distrikta kom inn i avtalen frå 2024, og skal bidra til å styrke den kommersielle allmennkringkastarens nyheitsdekning frå heile Noreg.
TV 2 oppfylte også krava om norskspråklege program for barn og unge i 2025. Tilbodet til barn er styrkt i inneverande avtaleperiode gjennom krav til daglege sendingar, der kravet tidlegare var sendingar i helger og høgtider.
TV 2 sendte i 2025 nye produksjonar av norsk film og tv-drama på hovudkanalen TV 2 direkte, og oppfylte kravet om å investere gjennomsnittleg 60 millionar kroner årleg i slike produksjonar.
– At dei norske allmennkringkastarane fremmar norskprodusert innhald som reflekterer norsk historie, kultur og samfunnsforhold, blir stadig viktigare i ein globalisert film- og strøymemarknad, seier Mari Velsand.
Medietilsynet vurderer at TV 2 har etterlevd retningslinjene for det rekneskapsmessige skiljet mellom allmennkringkastingsverksemda og den andre delen av verksemda i 2025.
Allmennkringkastingsverksemda medførte ein netto meirkostnad på 176 millionar kroner inkludert ti prosent driftsmargin i 2025. Dermed blir TV 2s kompensasjon for allmennkringkastaroppdraget det maksimale beløpet på 150 millionar kroner.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | TV 2 oppfylte alle krav som kommersiell allmennkringkastar i 2024 | 0 | 5 | 26-06-2025 |
| 2 | TV 2 får gebyr for brot på sponseregelverket | 0 | 5 | 12-12-2025 |
| 3 | TV 2 får advarsel av Medietilsynet | 0 | 5 | 14-11-2025 |
| 4 | Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet | 0 | 7 | 12-06-2026 |
| 5 | Medietilsynet gjennomfører tilsyn med NRK og TV 2 under VM i fotball | 0 | 5 | 11-06-2026 |
| 6 | Betre lønnsemd for norske aviser i 2025 | 0 | 5 | 29-06-2026 |
| 7 | Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid | 0 | 5 | 29-04-2026 |
| 8 | Lokal-tv-kanal ilegges gebyr av Medietilsynet | 0 | 5 | 03-07-2026 |
| 9 | Færre sanksjonar frå Medietilsynet i 2025 enn i 2024 | 0 | 7 | 27-03-2026 |
| 10 | TV Vest får advarsel av Medietilsynet | 0 | 5 | 18-06-2026 |