175 aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. 13 av desse har ikkje fått støtte tidlegare. Blant dei nye søkarane er det både lokalaviser og aviser med heile landet som nedslagsfelt.
Nyhetssaker
175 aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. 13 av desse har ikkje fått støtte tidlegare. Blant dei nye søkarane er det både lokalaviser og aviser med heile landet som nedslagsfelt.
I år skal 456,3 millionar kroner fordelast mellom avisene som har rett på støtte. 175 søkarar er to færre enn i fjor. I gruppa med nye søkarar finn vi fem lokalaviser og åtte nasjonale aviser.
– Dette viser at det framleis er stor aktivitet i avismarknaden, og at støtteordninga er viktig for aktørane og mediemangfaldet, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Dei nye lokalavisene som har søkt støtte er Salangen-nyheter, Sirdalmedia, Aukranytt, Nordmørsposten og RA Stavanger.
Salangen-nyheter søkte for første gong i fjor, men fekk da avslag på grunn av for få abonnentar.
Nasjonale medium som søker om støtte for første gong i 2026 er Din Bedrift, Energiteknikk.net og Kom24.
Altinget, Shifter.no, Watch Media, Motparten og Kampanje har søkt tidlegare år og fått avslag, men søker alle på nytt i år.
Medietilsynet skal nå vurdere kvar enkelt søkar opp mot dei ulike kriteria i ordninga for å avgjere om avisa er kvalifisert for å få støtte. Vilkåra som må oppfyllast kjem fram av «Forskrift om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium», og blir vurdert etter objektive faktum, analysar og vurderingar.
– Forskrifta skal gi så stor grad av føreseielegheit som mogleg. Ein faktor som kan skape endringer i tilskuddet frå år til år, er antal nye kvalifiserte søkarar. Dette skyldes at tilskuddets totale størrelse er gitt, uavhengig av antal søkarar, seier Sekkelsten.
For nye søkarar som oppfyller dei objektive vilkåra til forskrifta skal det gjennomførast ei innhaldsvurdering av publikasjonen. Resultatet av denne innhaldsvurderinga vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av om vilkåra til formål og innhald er oppfylte. I tillegg blir det lagt vekt på ulike eigenskapar ved publikasjonen. Det er ei samla vurdering som til sist avgjer om det enkelte nyheits- og aktualitetsmediet oppfyller vilkåra.
Kva aviser som får støtte og kor mykje kvar avis får, blir klart til hausten når alle søknadene er behandla.
| # | Наименование новости | Тональность | Информативность | Дата публикации |
|---|---|---|---|---|
| 1 | Ti nye aviser får produksjonstilskudd | 0 | 5 | 31-10-2025 |
| 2 | Fleire typar medium kan søke om innovasjonstilskott | 0 | 5 | 12-08-2025 |
| 3 | Nå kan også digitale medium søke tilskott for journalistikk på samisk | 0 | 5 | 17-12-2025 |
| 4 | Avisene kan søke om 456 millionar kroner i produksjonstilskott | 0 | 5 | 30-01-2026 |
| 5 | Betre lønnsemd for norske aviser i 2025 | 0 | 5 | 29-06-2026 |
| 6 | Nær 46 millionar i mediestøtte til samisk språk og kultur | 0 | 5 | 19-03-2026 |
| 7 | Medietilsynet ønsker kandidater til menneskerettighetspris for journalister | 0 | 5 | 04-05-2026 |
| 8 | Manglar register over drukningar: – Eit lite detektivarbeid | 0 | 5 | 10-07-2026 |
| 9 | Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid | 0 | 5 | 29-04-2026 |
| 10 | Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet | 0 | 7 | 12-06-2026 |