Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Unge miljøvernarar på tokt i Oslofjorden: – Veldig inspirerande

Дата публикации: 13-08-2026 14:55:12

Livet under overflata i Oslofjorden slit, men om bord på skonnerten «Svanen» nektar dei å gi opp håpet.

Основное содержимое страницы с новостью.

Livet i Oslofjorden er trua.

Torsken er nærast borte, tareskogen forsvinn i eit alarmerande høgt tempo, og ekspertane roper varsku om eit økosystem i djup krise.

Finst det håp for den hardt prøvde fjorden?

Svaret er eit klart ja frå den unge besetninga om bord på seglskuta «Svanen», som denne veka er på tokt for å lære om miljøtilstanden på havbotnen.

Dei tar meir enn gjerne kampen for økosystemet frå dekk.

– Dette skal vi vinne, seier ei optimistisk Helene Sofie Smit, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Helene Sofie Smit, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Foto: Bethel Britto / NRK
Læring, samhald og sjømannskap

Seglasen har gått frå Oslo til Fredrikstad, og ferda fortset nå langs Vestfold-kysten. Om bord lærer dei unge miljøvernarane ikkje berre om sjømannskap og skutedrift, men møter også fagfolk og organisasjonar i kystkommunane dei besøker.

Ein av dei som nyt livet om bord er Irma Heier Vaglieri (18).

– Det er ei fantastisk oppleving for ungdommar som er engasjerte i miljø og aktivisme. Vi har sett masse fine stader, fortel ho.

Medseglar Åsne Førstøyl Futtrup (16) er heilt einig i at fellesarbeidet på skuta gir meirsmak.

– Det er liksom alltid noko ein kan hjelpe til med. Ein er avhengig av alle for å komme framover, seier 16-åringen.

NYT LIVET OMBORD: Dei unge miljøvernarane har lært mykje i løpet av ei veke på «Svanen».

FOTO: Eline Molvær Løndal

Undervegs har ungdommane møtt representantar og forskarar frå blant anna Havforskingsinstituttet, Naturvernforbundet og fiskeribransjen.

– Det er veldig inspirerande å høyre når dei kjem med tips til kva som kan føre til positive endringar. Det verkar som det fungerer, seier Futtrup.

Foto: Eline Molvær Løndal / NRK

Sjølv om stemninga om bord er god, har møtet med fjorden også gitt ei dyster påminning om kor dårleg det står til under vatn.

– Vi har sett mykje lurv og lite anna liv, eigentleg. Ingen store fisk, for eksempel. Vi fekk også sjå kor få fiskebåtar det er igjen i Kragerø, som tidlegare var ein stor fiskerikommune, fortel Vaglieri.

– Vi er unge og utolmodige

Helene Sofie Smit i Natur og Ungdom understrekar at det viktigaste med turen er å gi ungdommane eit heilskapleg bilde av situasjonen – både utfordringane og løysingane.

– Dei blir kjente med fiskerihistoria og miljøproblema, men ikkje minst løysingane som finst, forklarer ho.

Skonnerten «Svanen» er eit kjent syn i Oslofjorden.

Foto: Natur og Ungdom

Smit opplever eit stort engasjement for Oslofjorden på tvers av politiske skiljelinjer, men etterlyser meir handling og høgare tempo frå myndigheitene.

– Både i kommunane og heilt opp til regjeringa er folk opptatte av framtida til fjorden, men arbeidet går likevel litt for sakte. Sjølv om vi nå har fått på plass fiskeforbod i Oslofjorden, hjelper det ikkje om vi ikkje også sørger for å reinse nitrogen frå kloakk og stoppe overgjødsling. Det er ein heilskap som vi også lærer om på denne seglasen.

Trass i dei tunge utfordringane, nektar dei unge aksjonistane å miste motet.

– Vi er veldig opptatte av at Oslofjorden er ein miljøkamp vi skal vinne, og det trur eg dei aller fleste politikarane er einige i òg. Vi må berre få opp farten. Vi er unge, og vi er utolmodige, slår Smit fast, før ho avsluttar:

– Ein kan jo ikkje miste motet når ein ser den fantastiske fjorden. Det er veldig fint her.

Publisert 13.08.2026, kl. 16.55 Oppdatert 13.08.2026, kl. 16.56

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Агидель: Ночь 20 дек, Чт0019-12-2018
2Skipsfarten kuttar – men cruise-utsleppa går opp013.1814-08-2026
3Forstyrra natteroa med høg musikk i Ulsteinvik01014-08-2026
4Перенос планов обслуживания (maintenance plans) на другой сервер0018-04-2017
5Barcelona and Atletico Madrid draw 4-4 in thrilling 1st leg of Copa del Rey semifinals0025-02-2025
62019 DrunkAubie Spooktacular0031-10-2019
7Банк в 2024 году увеличил поддержку туристической отрасли в 2,5 раза0020-02-2025
8Евгения Брик: «Эту свадьбу я очень долго ждала»0003-04-2019
9Håkon Lie gir deg kveldens lokale nyheter01013-08-2026
10Etterbeek : un marathon de tricot pour aider les plus démunis0010-02-2020

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 7.83. Источник: www.nrk.no.