Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Skipsfarten kuttar – men cruise-utsleppa går opp

Дата публикации: 14-08-2026 03:16:42

Samstundes som norske ferjer og ruteskip kuttar klimagassane på brei front, har utsleppa frå cruiseskip aldri vore høgare.

Основное содержимое страницы с новостью.

Noreg har eit mål om å halvere utsleppa frå skipsfarten innan 2030, og er i mange tilfelle godt i rute.

Sjølv om stadig fleire hurtigbåtar, bilferjer og andre rutegåande fartøy trafikkerer norske fjordsamband, har dei likevel makta å kutte utsleppa med 20 prosent på ti år.

Men éin båttype skil seg ut: cruiseskip.

Ein ny rapport frå Norsk Klimastiftelse viser at cruise-utsleppa aukar. Dei har aldri vore høgare – opp over 64 prosent sidan 2016.

– Dette stadfestar at cruiseturismen ikkje er i samsvar med klimamåla våre, seier Frøya Skjulsæther i MDG.

Marthe Hammer (SV) har også lese rapporten:

– Om vi skal nå klimamåla, kan vi ikkje fortsette å la cruisenæringa sleppe unna, seier ho.

Cruisetrafikken har meir enn dobla seg dei siste ti åra, og den massive trafikkveksten spiser opp miljøgevinstane.

Video: Håkon Vatnar Olsen
Ukraina-krigen skaper rekordhøg cruisetrafikk

Tala i rapporten byggjer på modellutrekningar frå Kystverket. Kritikarar meiner dei gjev eit misvisande bilete og overdriv dei faktiske utsleppa. (Les meir om metodestriden lengre ned).

Ein del av veksten skuldast at meir trafikk har vorte omdirigert frå Østersjøen og Raudehavet til norskekysten som følgje av krig og geopolitisk uro.

Likevel peikar rapporten på at utsleppa har auka meir enn trafikkveksten.

To hovudårsaker til at utviklinga går feil veg

Den nye rapporten peikar på to sentrale årsaker til at cruiseutsleppa held fram med å stige:

  • Mangel på infrastruktur: Sjølv om cruiseskip la til kai 2578 gonger ved Noreg sine 15 største cruisehamner i 2025, vart dei berre kopla til landstraum ved 543 av anløpa.
  • Mangel på regulering: Medan innanriksferjer og hurtigbåtar møter strenge krav gjennom offentlege anbodsprosessar, er miljøkrava til cruiseskip slappare.

Det siste symbolisert ved vedtaket om at berre nullutsleppsbåtar skulle vere velkomne i verdsarvfjordane frå 2026.

Det som opphavleg vart lansert som eit strengt krav, vart modifisert gjennom politiske prosessar og gjeld i dag berre for mindre skip.

Fristen for dei største skipa vart skove heilt til 2032.

Klima- og miljødepartementet avviser at regjeringa sit passivt og ser på at utsleppa aukar:

– Utsleppa frå cruisetrafikken går opp fordi trafikken aukar, men berre ein liten del er ein del av vår nasjonale forplikting, seier statssekretær Astrid Hoem (Ap).

Ho visar til at cruisetrafikken er internasjonal, og at Noreg er prisgitt internasjonale reglar gjennom EU og FNs maritime organisasjon (IMO).

– Noreg er leiande i det internasjonale arbeidet for å få på plass strengare globale klimakrav. I tillegg jobbar vi med krav til både utbygging og bruk av landstraum.

  • Astrid Hoem, statssekretær i Klima- og miljødepartementet

    Eg er glad for at me ser resultat av Enova-støtta og krava me har stilt. Mange grøne skip seiler i våre farvatn, og fleire er i bestilling. Dei komande åra forventar eg endå større effekt av tiltaka me jobbar med. I tillegg er kvotesystemet og prising av utslepp svært viktig. Til slutt er det verdt å nemne at Noreg ligg heilt i front på utbygging av landstraum.

  • Marthe Hammer, SV

    Erfaringa frå ferjer og hurtigbåtar er tydeleg: Det verkar å stille krav. Det er håplaust at fleirtalet ikkje stiller dei same forventningane til cruise som til kvardagstransporten. Me har fått gjennomslag for landstraum og turistskatt, men bindande klimakrav har fleirtalet stemt ned. Det står ikkje på teknologien, men på politisk vilje. Noreg kan ikkje vere eit fristad for forureinande skip.

  • Sigurd Enge, seniorrådgjevar for skipsfart i Bellona

    Dagens mangel på krav gjer at utsleppa frå cruise både er lovlege og lønsame. Å berre stille krav i verdsarvfjordane fører til at skipa berre flyttar til nabohamner og bussar turistane vidare. Landstraum i hamnene er bra for lokal luftkvalitet, men dei store utsleppa skjer når skipa seiler. Politikarane må våge å stille klimakrav som gjelder langs heile kysten.

  • Arild Hermstad, MDG-leiar

    Noreg må fase ut fossil cruisenæring til fordel for berekraftig turisme. Landstraum løyser berre ein liten del av problemet ved kai. Me vil ha eit nasjonalt forbod mot fossildrivne cruiseskip så raskt som mogeleg, kombinert med omstillingsstøtte og turistskatt. Våre vakraste kystområde kan ikkje brukast til å maksimere profitten til ein fossil cruiseindustri.

    (Lesarinnlegg i BT)

  • Grunde Almeland, stortingsrepresentant for Venstre

    Noreg har alt som skal til for å bli leiande på grøn cruisetrafikk. Derfor er det oppsiktsvekkjande at utsleppa aukar. Venstre vil stille krav om nullutslepp langs heile kysten, samstundes som me byggjer ut landstraum og infrastruktur. Cruisenæringa kan sjølvsagt bli utsleppsfri, me må berre tore å stille krav og gi næringa verktøya den treng for å lukkast.

  • Pernille Sommer / copyrighted

    Frøya Skjold Sjursæther, MDG

    Dette stadfestar at cruisenæringa gir blanke i å kutte eigne utslepp, og at cruiseturismen overhovudet ikkje er i samsvar med klimamåla våre. Medan norske folk og bedrifter jobbar på spreng for å kutte utsleppa sine, får utanlandske cruiseskip sleppe ut som aldri før. Det hastar at den forureinande cruiseturismen blir forboden i Noreg. Cruise forsøplar bybiletet og øydelegg for klimaomstillinga.

  • Ove Trellevik, Høgre

    Regjeringa slit med å følgje opp Stortinget her. Det dei har tilbydd cruisehamnene i verdsarvfjordane våre med omsyn til støtte til elektrifisering, bidreg ikkje nok til at hamnene faktisk blir elektrifiserte.

  • Ole Michael Bjørndal, fagdirektør i NHO Reiseliv

    Cruise har ein utsleppsutfordring, men det positive er at cruisenæringa frå 2024 er omfatta av EU sitt kvotesystem og må betale for utsleppa sine. Noko av veksten skuldast at krigen i Ukraina flytta trafikk frå Østersjøen til Noreg. Cruise er viktig for kystsamfunna, men me må sikre meir lokal verdiskaping og at ankomstane skjer i harmoni med lokalbefolkning og næringsliv.

  • Marthe Synnøve Johannessen

    Dag Inge Aarhus, Sjøfartsdirektoratet

    Me arbeider internasjonalt gjennom IMO og EU for å fremje tiltak for skip i internasjonal fart, og håpar IMO vedtek sitt netto-null-rammeverk om kort tid. Det er eit viktig mål at maritim næring vel grøne løysingar. Samstundes veit me at cruisetrafikken til Noreg har økt kraftig dei siste ti årene, noko som igjen fører til auka utslepp.

Lokale hamner tek grep

I mellomtida har enkelthamner som Flåm og Bergen teke saka i eigne hender og innført lokale miljøkrav.

– Flåm har verdas strengaste miljøkrav. Det har gjeve markante kutt i CO₂-utsleppa per passasjer dei siste åra, seier Tor Mikkel Tokvam, hamnesjef i Aurland og Flåm.

Ved Bergen Havn tok Even Husby for nokre år sidan initiativ til å utvikle ein miljøindeks (EPI) for å løne skip med lågare utslepp.

– Ved kai i norske hamner fell utsleppa langt raskare enn i resten av EØS. Det skuldast at Noreg har bygd ut betre landstrauminfrastruktur og at miljørabattar påverkar prioriteringane til reiarlaga, seier Husby.

I fjor tok Noreg imot over 1,6 millionar cruisepassasjerar, fordelt på fleire skip og anløp enn nokon gong før.

Video: Odveig Klyve
Teknologien finst – infrastrukturen manglar

Miljøstiftelsen Zero meiner rapporten viser at politikarane må stille tydelege krav og få fart på utbygginga av infrastruktur.

– Landstraum må etablerast der cruiseskip legg til. Her må tempoet opp, og nettselskapa må bidra til at hamnene har nok kapasitet. Tydelege krav frå politikarane og tilgang på landstraum er avgjerande, seier Ingvild Kilen Rørholt i Zero.

  • Kirsten Å. Øystese, Norsk Klimastiftelse

    Kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane vart til slutt kraftig utvatna. Det er eit godt døme på korleis politisk surr og vingling bremsar klimaomstillinga. Sidan 2016 har utsleppa frå cruiseskip i Noreg økt med 65 prosent, og dei har aldri vore høgare. Krav om berre å bruke utsleppsfri teknologi i alle cruisehamner – ikkje berre i verdsarvfjordane – kunne bidratt til utsleppskutt.

  • Hege Økland, Hy2gen Noreg AS

    Tala demonstrerer kor viktig det er å stille krav til næringa, men dessverre har denne debatten stilna. Det blir ofte argumentert mot nullutsleppskrav med at det ikkje finst tilgjengeleg nullutsleppsdrivstoff. Frå oss som produserer denne typen drivstoff, treng me etterspørsel frå meir enn eitt skip. Drivstoffet kan og vil bli produsert så snart marknaden er der gjennom krav.

  • Knut Neerland / Magent AS

    Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarleg for transport i Zero

    Det er heilt nødvendig å vere streng på krava i verdsarvfjordane, og å sjå på når dei skal utvidast til alle norske fjordar. Landstraum må etablerast der cruiseskip legg til. Her må tempoet opp, og nettselskapa må bidra til nok kapasitet. Tydelege krav frå politikarane og tilgang på landstraum er avgjerande for at cruisenæringa kan bidra til ein raskare omstilling.

  • Tor Mikkel Tokvam, hamnesjef i Aurland (Flåm)

    At utsleppa har auka i Noreg sidan 2016 skuldast flåteflytting som følgje av krig og uro i Baltikum og Rødehavet. Skipa er omdirigerte hit, og ei internasjonal næring må sjåast i samanheng med globale reisemønster. At skip som ikkje stilar våre miljøkrav berre vel ein nabo-hamn, syner kvifor krav må gjelde over større område – slik EU no gjer for å hindre utsleppslekkasje.

  • Ivan Østvik, LH2 Shipping AS

    For at cruise skal kutte utslepp må Noreg innføre EU ETS og FuelEU Maritime, slik at fossil diesel blir dyrare. Batteri kan berre dekke ein del av energibehovet, og må supplerast med flytande hydrogen. MF Hydra har seilt trygt på hydrogen i 3,5 år, men Viking Cruises må hente sitt hydrogen frå kontinentet fordi Noreg manglar eigen produksjon. Utfordringa no er næringspolitikk, ikkje teknologi.

  • Hans Jakob Walnum, seniorforskar ved Vestlandsforsking

    Mindre skip gjer det lettare å ta i bruk batteriteknologi og gjer mindre krav til infrastruktur i hamn. Store skip krev eit enormt effektuttak. I tillegg viser rapporten etter nesten-ulukka i Hustadvika at me manglar evakueringskapasitet for skip med over 700 passasjerar. Mindre skip løyser både tryggleiksmessige utfordringar og gjer omstillinga til landstraum og hybriddrift lettare.

  • Håvard Tvedte, konstituert direktør i Maritime CleanTech

    Me demonstrerer no nullutsleppsteknologi for stadig større skip, men skal me lukkast må me få på plass meir landstraum, betre infrastruktur og tydelege utsleppskrav. Lenge var Noreg leiande innan grøn skipsfart, men no kjem EU raskt etter med krav til landstraum og maritime investeringar. Noreg må halde fram med ein offensiv politikk for å ta vare på konkurransefortrinnet vårt.

  • Sondre Olsen, leiar NHO Vestland

    Utsleppa frå cruise må ned, og cruisenæringa må sjølvsagt ta sin del av ansvaret. Samstundes viser rapporten at manglande infrastruktur er ein del av utfordringa. Bergen Havn har gått føre ved å investere monaleg i landstraumanlegg, noko som viser at det er mogleg å kombinere cruiseturisme og utsleppskutt. Fleire hamner bør følgje etter med investeringar i landstraum og kraftnett.

  • David Underdal, Aurland hamnestyre

    Flåm Hamn er ei føregangshamn som har stilt miljøkrav lenge før regelverket vart innført i verdsarvfjordane. Fleire hamner og næringa sjølv må ta ansvar, men dette tek tid då eit cruiseskip har ei viss levetid. Me var i utgangspunktet kritiske til at dei strenge krava berre skulle gjelde her. Ei løysing er å innføre strengare nasjonale krav til utslepp på heile kysten.

  • Eirill Bachmann Mehammer, direktør i Grønt Skipsfartsprogram

    Utsleppa har auka med over 60 prosent dei siste ti årene, men trafikken har auka endå meir – med over 100 prosent. Fokus må vere å ta i bruk ny teknologi. Viking Cruises ferdigstiller i haust Viking Libra, verdas første havgåande hydrogenskip. Hovudutfordringa er tilgang på grønt drivstoff, og me startar no ein pilot for å sikre biogass til cruiseskip i verdensarvfjordane.

  • Even Husby, dagleg leiar i EPI

    Målingane våre, baserte på det faktiske energiforbruket til skipa i 31 hamnar, viser at utsleppa per anløp ved kai har gått ned sidan 2019. MarU-modellen til Kystverket er under utvikling, medan EPI byggjer på reelle forbrukstal. Klimautfordringa er stor, men debatten er best tente med reelle tal. Utsleppa per anløp har sokke frå 35 tonn CO₂ i 2019 til 27 tonn i år.

  • Claus W. Kamstrup, seniorrådgivar i Kystverket

    Tala våre viser at det er ei auking i cruisetrafikken, og at dette fører til auka utslepp samla sett. Miljøkrav til cruiseskip vil i hovudsak vere internasjonale krav og ikkje nasjonale krav. Skipsfarten er no omfatta av kvotesystemet til EU (EU ETS), i tillegg til kommande EU-krav til infrastruktur (AFIR) og bruk av alternativt drivstoff (FuelEU Maritime).

Håvard Tvedte, konstituert direktør i Maritime CleanTech, åtvarar om at Noreg står i fare for å mista forspranget sitt til EU dersom politikarane ikkje følgjer opp.

– Vi demonstrerer no nullutsleppsteknologi for stadig større skip, men skal vi lukkast må vi få på plass meir landstraum og tydelege utsleppskrav. Lenge var Noreg leiande innan grøn skipsfart, no kjem EU raskt etter.

Publisert 14.08.2026, kl. 05.16

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Unge miljøvernarar på tokt i Oslofjorden: – Veldig inspirerande07.8313-08-2026
2Mener sjøgress-oppblomstring har eksplodert etter gjødselutslipp04.9315-08-2026
3Bonden får stor rekning etter våt sommar01012-08-2026
4LISTA: Östersund i toppskiktet för klimatarbete – men kommunen är inte i mål07.3514-07-2026
5Norska gränshandeln: Färre turer, högre omsättning0516-02-2026
6Her leker de ikke «roing» – stiller med vikingskip i Bygstad i Sunnfjord0505-07-2026
7Fellesferien er høgsesong for innbrotstjuvar0530-06-2026
8Jonas Fröberg: Regeringen gasar bort från omställningen09.4401-08-2026
9Så slår torkan mot Europas floder07.3513-08-2026

Классификация: . Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 9. Тональность: 0. Информативность: 13.18. Источник: www.nrk.no.