Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Neymar-likes skapte trøbbel for Nyland: – Det er litt farleg

Дата публикации: 13-08-2026 10:00:47

For første gong snakkar Noregs VM-helt om den falske Instagram-kontoen som tok av i hans namn. No ønsker han regelendringar på sosiale medium.

Основное содержимое страницы с новостью.

– Det er vel slik dagens samfunn berre har blitt og noko ein må ta stilling til, seier Ørjan Håskjold Nyland.

Det har gått 29 dagar sidan Nyland og resten av det norske landslaget feira VM-bragda framfor titusenvis av feststemte tilhengarar i Oslo sine gater.

Sidan den gongen har målvaktstjerna bestemt seg for at Tyskland og RB Leipzig blir den neste stoppestaden i karrieren.

Men då Nyland tysdag gjorde sitt første intervju etter Leipzig-returen, blei også ein absurd VM-snakkis eit tema.

Trudde Neymar at Nyland bad om tilgiving for Brasil-tapet?

TILBAKE: Etter å ha slite med speletid i spanske Sevilla signerte Nyland for RB Leipzig sist veke. Sunnmøringen spelte også i klubben i 2022/23.

Foto: RB Leipzig
– Den vaks ganske fort

Søndag 5. juli skjedde det igjen.

Brasil vart nedkjempa av vesle Noreg for andre gong i eit fotball-VM.

Berre ein mann fekk 10 på NRK sin børs: Ørjan Håskjold Nyland.

MÅLVAKTHELT: I åttedelsfinalen mot Brasil blei Ørjan Håskjold Nyland vurdert som banens beste av NRK etter strafferedning og ei rekke avgjerande involveringar.

Foto: Dylan Martinez / REUTERS,NTB

Den enorme prestasjonen skapte vill merksemd for voldingen på sosiale medium.

På Instagram gav ein konto seg ut for å vere Nyland, og fleire innlegg blei posta kor det kunne sjå ut som målvakta sjølv var avsendar.

– Det er litt slike ting som kan skje når ein plutseleg får ein god del fleire følgarar over natta. At nokon vil prøve å utnytte seg av det. Den vaks jo ganske fort, seier Nyland til NRK.

RYKTE UT: På sin eigen Instagram-konto bad Nyland folk om å rapportere den falske kontoen.

Foto: Skjermdump / Instagram
Neymar-trøbbel

I etterkant av Brasil-kampen publiserte den falske Nyland-kontoen fleire hyllester av Brasil-laget, og beklaga å ha slått søramerikanarane ut av VM. Neymar blei trekt fram som ein den norske målvakta såg opp til.

Fleire av innlegga blei likte av Neymar sjølv.

Fleire kontoar delte Neymars likarklikk, og den falske kontoen fekk derfor enorm merksemd. På eit tidspunkt hadde han over 170.000 følgarar. Eit av innlegga hadde nærare 900.000 likes.

Nyland fortel at han fekk med seg at superstjerna var innom den falske kontoen og gav tommel opp.

– Eg såg det, men det bryr eg meg fint lite om. Eg og vi fekk fortsette VM, og han var kanskje framleis litt bitter for at dei måtte heim, seier Nyland.

NEYMAR-TABBE: Eit av innlegga brasilianske Neymar gav eit hjarte, har fått over 800.000 likes.

Foto: Skjermdump / instagram
Ønsker regelendring

Etter at Nyland sjølv bad om hjelp til å få kontoen fjerna, forsvann verifisert-markeringa av «nylandofficial», som den kalla seg.

Seinare har han både vore heilt borte, og komme tilbake under andre namn.

– Det viser kanskje at det skulle vore litt vanskelegare å opprette profilar. At det skulle vore ein måte ein kunne identifisere seg på, foreslår Nyland.

Han meiner ein treng erfaring for å takle innhaldet ein kan støyte på sosiale medium.

– Det er derfor det er litt farleg for yngre personar òg, seier 35-åringen.

I dag har fleire plattformer 13 års aldersgrense for å opprette profil på sosiale medium. Dersom den norske regjeringa får det som ho vil, vil det bli 16 års aldersgrense i Noreg.

Blir nummer 1

Det var tysdag førre veke Nyland signerte kontrakt med bundesligaklubben fram til 2028.

Nyland fekk berre to ligakampar då han sist var i Leipzig i 2022/23-sesongen. Den gongen hadde han draktnummer 13, no har han fått nummer 1.

– Eg veit at eg kjem til å få kampar. Ut over det så kjenner eg at eg har vist kva nivå eg har inne, og det er nok derfor eg har blitt henta hit òg, seier Nyland.

BLIR LAGKAMERATAR: Ørjan Håskjold Nyland (35) skal spele saman med sin 14 år yngre landslagskollega Antonio Nusa (21) i RB Leipzig.

Foto: ELSA / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Ungararen Peter Gulácsi, som til liks med Nyland er fødd i 1990, har vore det klare førstevalet til klubben i ti sesongar.

Gulácsi er klar for spanske Villarreal, og Antonio Nusas klubb trong dermed ein erstattar.

Det var likevel Maarten Vandevoordt som stod i mål for Leipzig mot slutten av førre sesong, etter at Gulácsi blei skadd i februar. 24-åringen er framleis i klubben og vil truleg gi Nyland tøff konkurranse om plassen på laget.

– Eg er her for å spele så mykje som eg kan og det er målet mitt for tida mi her, oppsummerer Nyland kontant.

Publisert 13.08.2026, kl. 12.00 Oppdatert 13.08.2026, kl. 12.27

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1El príncipe Sverre Magnus, Erling Haaland y la cuenta falsa que ha puesto en alerta a Noruega0508-07-2026
2Vikingarven får ro-hjelp: – Jeg er direkte begeistret7601-07-2026
3Dette er grunnen til at vi elsker VM!5615-06-2026
4VM-festen stinker allerede-5310-06-2026
5Vanskelege norske fotballnamn2410-07-2026
6Kritiserer NFF for å ikke ta høyde for norsk VM-suksess: – Komisk-2608-07-2026
7Johan Croneman: Jag pudlar – Norge har all rätt att vara kaxigt5310-07-2026
8«Ikke la barna betale.»0502-06-2026
9Tok bilde av rev på hesten: Folk trodde det var kunstig intelligens08.3407-08-2026
10„Werde ihn töten”: Norwegen-Star Sörloth wird nach WM-Aus mit Hass überschüttet016.913-07-2026

Классификация: Мнения. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 18.47. Источник: www.nrk.no.