Вход на сайт

Просмотр новости

Найдите то, что Вас интересует

Medietilsynet vil ha innspel om NRK

Дата публикации: 09-10-2025 10:48:09

Medietilsynet opnar for innspel til vurdering av NRKs bidrag til mediemangfald og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.

Основное содержимое страницы с новостью.

  1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

En NRK-mikrofon mellom intervjuer og intervjuobjekt. Nærbilde av hånd og mikrofon, vi ser ikke personene. Bransjeaktørar og andre interessentar blir nå inviterte til å komme med innspel i samband med at Medietilsynet skal gjere vurderingar av NRKs bidrag til mediemangfaldet og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.

Medietilsynet opnar for innspel til vurdering av NRKs bidrag til mediemangfald og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.

Medietilsynet skal kartlegge korleis NRK medverkar til mediemangfaldet, og korleis verksemda til NRK verkar inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden.

– Rapporten vår skal vere eit faktabasert grunnlag for utforminga av styringssignala for NRKs økonomiske rammar, og ei vurdering av om det er behov for å endre allmennkringkastingsoppdraget til NRK, fortel Hanne Sekkelsten, fungerande direktør i Medietilsynet.

Bestilling frå departementet

Det er Kultur- og likestillingsdepartementet som har bedt Medietilsynet utarbeide ein rapport om NRKs bidrag til mediemangfaldet og konkurransemessige verknader av NRKs tilbod.

Utgreiingsarbeidet er ein del av førebuingane til dei neste fireårige styringssignala for mediepolitikken, som skal gjelde for perioden 2027–2030. Forslag til styringssignal blir lagt fram av regjeringa, og blir behandla av Stortinget.

Oppdragsbrevet frå Kultur- og likestillingsdepartementet til Medietilsynet, finn du i lenka her.

Skal vurdere bidrag og påverknad på konkurransen  

Medietilsynet skal vurdere korleis tilbodet til NRK, samanlikna med tilbodet frå andre aktørar, bidrar til innhalds- og bruksmangfald, korleis NRK oppfyller sitt særskilte ansvar for å dekke tematiske og geografiske blindsoner, og korleis NRK gjennom samarbeid med andre aktørar bidrar til mediemangfaldet.

Vidare skal Medietilsynet vurdere eventuelle konkurransemessige verknader av eit utval av tenestene til NRK, særleg det digitale nyheits- og aktualitetstilbodet, og om NRK sitt nærvær i marknaden påverkar konkurransen på ein slik måte at det svekkjer det samla tilbodet til publikum. 

Medietilsynet utarbeidde ein tilsvarande rapport på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet i 2021

Medietilsynet hentar inn innspel frå bransjen

For å sikre at Medietilsynet fangar opp både utviklingstrekk og erfaringar som er relevante for vurderinga av NRKs bidrag til mediemangfaldet, er det lagt opp til ein prosess med dialog og innspel frå bransjen.

– Medietilsynet skal både greie ut sjølv og hente inn bidrag frå eksterne utgreiingskrefter, til dømes til ein konkurranseanalyse av NRKs nyheits- og aktualitetstenester på nett, fortel Sekkelsten. 

I tillegg opnar altså Medietilsynet nå for innspel frå bransjeaktørar og andre interessentar om NRKs bidrag til mediemangfaldet.

Innspel kan sendast til innspill@medietilsynet.no. Frist er 31. oktober.

Fristen for arbeidet med rapporten om NRKs bidrag til mediemangfaldet er 10. april 2026.

  Abonner på nyheter (RSS)

Схожие новости

#Наименование новостиТональностьИнформативностьДата публикации
1Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid0529-04-2026
2Medietilsynet: NRK oppfyller framleis ikkje nynorskkravet0712-06-2026
3Medietilsynet gjennomfører tilsyn med NRK og TV 2 under VM i fotball0511-06-2026
4Medietilsynet ønsker kandidater til menneskerettighetspris for journalister0504-05-2026
5Medietilsynet foreslår endringer i mediestøtten0519-11-2025
6Avisene kan søke om 456 millionar kroner i produksjonstilskott0530-01-2026
7Kampen mot desinformasjon blir styrkt i statsbudsjettet5715-10-2025
8Medietilsynet må behandle søknad om tilskott på nytt0506-02-2026
9Nær 25 millionar kroner til lokale lyd- og bildemedium0518-12-2025
10Medietilsynet får nytt tilsyns-ansvar når lov om digitale tjenester innføres i Norge0502-07-2025

Классификация: Экономика. Схожих патентов: 0. Схожих новостей: 10. Тональность: 0. Информативность: 5. Источник: www.medietilsynet.no.